Vår Frelsar høgt på berget stend (LH629)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix    Melodi: Tysk folketone ca 1640
Vår Frelsar høgt på berget stend


1Vår Frelsar høgt på berget stend, / i guddoms glans han strålar. / Slik syn på jord var aldri kjend, / slikt ingen meister målar.

2Hans åsyn med ein klåre skein / som sol i middags timar. / Hans klednad var som ljoset rein, / når det på snøen glimar.

3Og Moses og Elias kom: / Høyr, dei med honom talar / um krossens veg til herlegdom, / um heim i himmelsalar.

4Då sagde Peter: Herre Gud, / å, her er godt å vera! / her vil me byggja deg ei bu / og oss ein bustad gjera.

5Men ned ei røyst or skyi slær, / det kling so klårt i øyra: / Det er min Son som eg hev kjær, / og honom skal de høyra!

6So fekk dei sjå Guds klåre glans / i Jesu åsyn skina, / før myrkret kom med tornekrans / og kross og verk og pina.

7I trui på det høge ord: / Du er Guds Son, den kjære, / eg ser deg stråla over jord / høgt i ditt himmelvære.

8So lat meg her i hjartans tru / åt deg ein bustad gjera, / og sidan i din ljosheim bu, / der det er godt å vera.