So elska Gud oss at han gav sin kjære Son (LH475)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Elias Blix    Melodi: Gregoriansk
So elska Gud oss at han gav sin kjære Son

1So elska Gud oss, at han gav / sin kjære Son til kross og grav, / at ikkje me skal dauden sjå, / men evig liv ved honom få.

2Når du Guds kjærleik grant vil sjå, / til Golgata du ganga må, / der Jesus til si pina skrid / og sårt for våre synder lid.

3Han gjeng til spott og slag og sår, / til daudedom for misgjerd vår, / han gjeng so bøygd og ber sin kross / til liv og lækjedom for oss.

4Du sol som renn med gyllen glans, / er skuggen lik mot ljoset hans. / Og endå myrkret honom batt / ei liti stund i helheims natt.

5Å kjærleik, glimande som gull, / å nådens løyndom underfull! / Du lyser gjennom daudens naud / som glimestein med loge raud.

6Å kjærleik, kjærleik, lat meg då / ditt ljos i livsens myrker sjå, / og når so kjem mi siste stund, / so lys meg inn i sælan blund! Amen.