Med Jesus vil eg fara (LH660)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Elias Blix 1875    Melodi: Antwerpen 1540 / Folketone fra Sunnmøre
Med Jesus vil eg fara

1Med Jesus vil jeg fara / på livsens ferd i lag. / Gud, lat den samferd vara / alt til min døyand dag! / Det er mi høgste æra, / det er mi største ros, / hans fylgjesvein å vera / og vandra i hans ljos.

2Min Jesus, sannings stjerna, / lys upp min myrke veg! / Mitt hjarta vil so gjerna / få fylgja etter deg. / Du lyser enn i verdi / som før frå Betlehem. / Ver du mitt ljos på ferdi, / til heim med deg eg kjem!

3Min Jesus, Sarons lilja, / bløm fagert upp i meg! / Lat ingen ting meg skilja / og riva burt frå deg! / Du vintre i Guds hage, / min kjære Herre Krist, / unn også meg den lage / å veksa som din kvist.

4Du til di grein meg sette / alt i min fyrste vår, / med livsens dogg meg vætte, / gav sol og signa år. / Du vil og vokster gjeva / alt til min siste slutt: / lat meg i deg få leva, / i deg få anda ut!