Me slår framfor oss krossen din (LH728)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Jørund Telnes 1890    Melodi: Folketone fra Hallingdal
Me slår framfor oss krossen din


1Med slår framfor oss krossen din, / og bed so Fadervåret, / i Jesu namn me sovnar inn / og ottast ingen fåre.

2So kjem til oss Guds englar små, / held vakt kring våre senger. / Dei kjem frå stjernehimlen blå / på sine kvite venger.

3Gud, med oss alle saman ver, / so Krist for alle lyser! / Gud hjelpe dei som ute fer, / og dei som svelt og fryser!

4No sovnar far og mor og eg / og alle borni dine. / I morgon soli vekkjer meg / når ho på veggen skine.