Lov Kristi velgjerd (LH609)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Æterna Christi munera, fra «Seljumannamesse», ukjent norsk dikter 1100-t    Melodi: Percy C. Buck 1913    Oversettelse: Bernt Støylen © Norsk Musikkforlag A/S
Lov Kristi velgjerd

1Lov Kristi velgjerd, evig stor, / pris han, Guds Kyrkja, du vår mor! / For han med martyrblod deg klær, / og skapar seg ein vitneher.

2Guds vitne valde gru og gråt / for frendelag og gledelåt. / Dei bøygde seg i trengsler ned, / og bar til fredlaust folk Guds fred.

3Dei siglde over ville hav, / dei fann i framandt land si grav, / men då dei under krossen seig, / til himmelhallar høgt dei steig.

4Guds vitne veks i Jesu spor, / som rosa og som lilja gror, / dei raudna her i klungerris, / men blømer no i paradis.

5Trieinig Gud, deg vere pris / og lov og takk på alle vis, / du Gud som fager prydnad fær / frå sigren av din vitneher! / Amen.