Ljoset yver landet dagna (LH615)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Lux illuxit lætabunda, 1100-t    Melodi: Norsk middelalder (Lux illuxit lætabunda)    Bearbeidelse: Wolfgang A. Plagge 2000    Oversettelse: Bernt Støylen 1923
Ljoset yver landet dagna

1. FLjoset yver landet dagna, ljos me sæla frygd og fagna, ljos som verdt er lov og pris.

AKristenfolk i dag skal kveda, lova Gud med høgtids gleda, heidra han på verdig vis!

2. FKristi vitne upphev fare til den store, kvite skare høgt i ljoset yver sol.

AStutte gleder hev dei vraka, evig frygd dei no fær smaka, sæle syng dei kring Guds stol.

3. FKristi vitne, Gud vil æra skal ei gledekjelda vera gor Guds kyrkjelyd på jord.

ALyft då songen din med styrke, du vår mor, du Kristi kjyrkje upp mot høge himmelkor!

4. FHer i striden og i trengsla gjekk Sankt Olav kveikt av lengsla etter ljos og evig liv.

AKvite Krist hans hug hev vunne, og den kjærleiks sol hev runne som or landet myrkret driv.

5. FLandet han med lov vil byggja, rett for heile folket tryggja, kristenrett for alle mann.

AGudlast folk mot honom strider, men han heller dauden lider enn sin Gud han svika kan.

6. FHerre Krist, du sigerrike, gjer oss dine vitne like, som i dauden sigra kan!

ANår vår fiend hardt oss trengjer, gøym oss under dine venger, berg oss med di høgre hand!

Amen.