Kved upp, Guds folk (LH522)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Elias Blix 1875    Melodi: Engelsk folketone
Kved upp, Guds folk

1Kved upp, Guds folk, syng høgt i kor! / No er det kvitsunnhelg på jord. / Guds Ande kjem med heilag glod, / kved upp, Guds folk, med helgaljod!

2Han til si Kyrkja enno kjem / som fordom i Jerusalem. / Han kjem uti sin heilagdom / til deim som honom gjeva rom.

3Velkomen, sæle kvitsunndag! / No kjenner me Guds andedrag. / No vaknar livet ved hans ord, / som skapning ny utyver jord.

4Kom, livsens Ande, dauden driv! / Og fød i oss ditt eige liv! / Kveik upp din kjærleik i vår hug, / og styrk oss med din eigen dug!*

5Vårt hjarta utan deg er daudt, / som turre landet audt og snautt, / som åre utan eld og glo, / som harpa utan mål og ljod.

6Kom ned som liv i aude land! / Kom ned som glo i slokna brann! / Kom ned som sol på frosne eng! / Kom ned som ljod på tagna streng!

7Kom ned til oss med tunga ny, / so lovsong stig frå bygd og by, / til med ditt englekor eingong / me syngja skal den nye song!

* styrke, kraft