I fyste upphav var Guds ord (LH598)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix    Melodi: Melchior Franck 1628
I fyste upphav var Guds ord


1I fyrste upphav var Guds ord, / sann Gud, av Gud upprunne; / ved det vart himmel skapt og jord / og alt som der er funne. / I ordet livet rann / med ljos til alle mann; / det med i myrkret skein / med guddomsloge rein, / men myrkret inkje merka.

2Guds Ord vart kjøt, og Gud vart mann, / av englesongar fagna. / Då livsens ljos på jordi rann, / og midt um natt det dagna. / Og Jesus er det Ord, / som kom i kjøt til jord. / Han låg i krubberom, / me såg hans herlegdom / av sanning og av nåde.

3Det Ordet av Guds eigen munn / det sprengjer myrkret sunder. / Det syner oss Guds hjartegrunn, / hans kjærleiks rike under. / Det som i løyndom låg, / som inkje auga såg, / Guds råd til frelsa vår, / ligg no som dagen klår: / Guds Son sin Fader tyder.

4Sjå ljoset skin utyver jord, / vil syndemyrkret spreia. / So upp kvar syndar, lat Guds ord / få lysa deg og leia! / Sjå, dagen runnen er, / og natti undan fer, / so vakna du som sov, / at Kristus kan få lov / å lysa upp ditt hjarta.

5Du Gud av Gud, du ljos av ljos, / du livsens lyst og gjæva, / deg vere æra, lov og ros / frå æva og til æva! / Du ljos i jolenatt, / du hjartans sol og skatt, / du heile heimsens von, / du sælaste Guds Son, / å, lys oss inn til livet!