Guds kjærleik er den reine kjelda (LH680)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix    Melodi: Ludvig M. Lindeman 1862
Guds kjærleik er den reine kjelda


1Guds kjærleik er den reine kjelda / som all di gjerd må renna frå, / um ho som god for Gud skal gjelda / og for hans åsyn ynde få.

2For kjærleik aldri nesten krenkjer, / han aldri fer med ovmod fram. / Han godt om alle trur og tenkjer, / er alltid mild og miskunnsam.

3Alt godt han vil mot alle gjera, / er fri for ovund, hat og harm, / vil trutt med brøder børa bera / og gled´ kvar lidande og arm.

4Han søkjer det som nesten batar*, / um eigen bate** ikkje bed. / Han elskar den som honom hatar, / og gjerne byd sin fiend fred.

5Og strid og ufred ned han sonar / og ber all urett logn og blid. / Han allting trur og allting vonar, / han allting toler, allting lid.

6Og når me herfrå heim skal fara, / der tru og von uppfylling fær, / skal kjærleik i all æva vara, / udøyelig som Gud han er.

7For berre kjærleiken kan fylla / Guds heilage og høge krav. / Gud, lat då Kristi kjærleik gylla / vår veg frå vogga og til grav!

* gavner

** fordel