Fager kveldssol smiler (LH706)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: A.H. Hoffmann von Fallersleben 1837    Melodi: J.Chr.H. Rinck 1814    Oversettelse: Peter Hognestad 1904
Fager kveldssol smiler

1Fager kveldssol smiler / over heimen ned, / jord og himmel kviler / stilt i heilag fred.

2Berre bekken brusar / frå det bratte fjell. / Høyr kor sterkt det susar / i den stille kveld!

3Ingen kveld kan læra / bekken fred og ro, / ingi klokka bera / honom kvilebod.

4So mitt hjarta stundar, / bankande i barm, / til eg eingong blundar / i Guds faderarm.